- Forfattar:
- A. Vassenden
- Publisert av:
- Artikkel i Housing Studies, 29 (6), s. 760-780
- Utgivingsår:
- 2014
Kort om publikasjonen
Artikkelen diskuterer betydinga av å eige / ikkje eige bustad og korleis dette påverkar opplevinga av moralsk verdi og sosial inkludering/ekskludering. Artikkelen tar fatt i meiningsaspektet – som forfattaren meiner bustadforskarar i liten grad har vore opptatte av, og introduserer omgrepet symbolske grenser til bustadforskinga.
Artikkelen er basert på 27 kvalitative intervju med vanskelegstilte på bustadmarknaden i Oslo og Stavanger. Personane som er intervjua, kan plasserast i tre kategoriar: flyktningar, personar med rus- og/eller psykiske problem og ‘deklasserte’.
Oversikt over hovudfunn
- Det å eige bustad er knytt til tryggleik/sikkerheit, fridom/sjølvstende, økonomi (sparing) og tilhøyrsle.
- Å eige / ikkje eige bustad utgjer ei symbolsk grense mellom dei verdige og dei mindre verdige, og dei som er innanfor og dei som er utanfor.
- Vanskelegstilte som ikkje eig bustad, som strever for sikkerheit og sjølvstende i den private leigemarknaden eller den kommunale bustadmarknaden, opplever ofte at deira ekskludering frå bustadmarknaden blir assosiert med ein manglande moralsk verdi og verd og symbolsk ekskludering.