Economic Strategies among Long-Term Homeless People: The concept of Harvesting Economy.

Forfattar:
M. Flåto og K. Johannessen
Publisert av:
European Journal of Homelessness, vol 4 desember 2010, s. 89-109
Utgivingsår:
2010

Kort om publikasjonen

Artikkelen undersøker dagliglivet til langtids bustadlause i Oslo, og ser i særleg grad på dei økonomiske strategiane dei nyttar. Livet og økonomien til ein bustadlaus kan synest kaotisk for ein som er bufast. Men sett ut frå dei bustadlause sin vanskelege situasjon så kan deira sosiale og økonomiske strategiar sest på som rasjonelle. Artikkelen tar i bruk omgrepet «harvesting economy» for å beskrive dei bustadlause sine økonomiske strategiar.

Artikkelen er basert på kvalitative intervju og deltakande observasjon blant personar som har vore bustadlause over lang tid.

Oversikt over hovudfunn

  • Over tid tileignar bustadlause seg visse overlevingsstrategiar som igjen verkar inn på deira daglege liv. Desse strategiane gjer det mogleg å takle deira situasjon som bustadlause, men gjer det også vanskelegare å komme ut av denne situasjonen.
  • Hjelpetilbod til bustadlause som er meint å vere mellombelse, kan i kombinasjon med dei bustadlause sine økonomiske strategiar bli meir permanente løysingar, og såleis bidra ytterlegare til marginaliseringa av dei bustadlause.
  • Jo lenger bustadløysa varer, jo vanskelegare er det å returnere til eit bufast liv.
  • Eit tidlegare tilbod om bustad vil kunne motverke marginalisering.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Economic Strategies among Long-Term Homeless People