Block, neighbourhood or district?

The importance of geographical scale for area effects on educational attainment

Forfattar:
I. Brattbakk
Publisert av:
Artikkel i Geografiska Annaler, Series B, Human Geography, Vol.96, nr. 2, s. 109-125
Utgivingsår:
2014

Kort om publikasjonen

Utgangspunktet for artikkelen er spørsmålet om kva innverknad nabolag har på bebuarane. Har stadrelaterte faktorar ein uavhengig effekt på individuelle livssjansar? Fokuset i studien er på unge si utvikling og utdanningsnivå.

Studien har ei longitudinell tilnærming og baserer seg på registerdata over befolkninga i Oslo.

Oversikt over hovudfunn

  • Studien finn at nabolaget har signifikant effekt på unge sitt framtidige utdanningsnivå på alle geografiske nivå.
  • Delen av lågare utdanna naboar ser ut til å ha størst innverknad på unge sitt framtidige utdanningsnivå, på alle geografiske nivå.
  • I motsetning til dei fleste andre studiar viser resultata at det høgaste geografiske nivået (bydelsnivået) har størst effekt. Dette kan forklarast av at unge har utvida aktivitetsområde og sosiale relasjonar, som er viktige faktorar ved skule og stigmatisering av stad (som kan vere sterkare knytt til større urbane område enn til mindre nabolag).

Lenke til meir informasjon

Les artikkelen Block, neighbourhood or district?