Barnefamilier i kommunale boliger

Forfattar:
K. Stefansen og A. Skevik
Publisert av:
Idunn
Utgivingsår:
2006

Kort om publikasjonen

Det eksisterer lite kunnskap om familiar som bur i kommunale bustader. Denne artikkelen diskuterer barnefamiliar i norske kommunale bustader; kven dei er og kva bustadstandard som blir tilbydde dei.

Datamaterialet er henta frå ei levekårsundersøking blant barnefamiliar som er gjennomført i 2003 («Barns levekår – betydningen av familiens inntekt for hverdagsliv»). I alt blei 1627 låginntektsfamiliar og 310 «tversnittsfamiliar» intervjua.

Oversikt over hovudfunn

  • Det å bu trongt og låg standard pregar buforholda for barnefamiliar i kommunale bustader.
  • Dei fleste familiane som bur i slike bustader, blir verande i fleire år.
  • Bustadene fungerer derfor ikkje som mellombelse tiltak i ein krisesituasjon.
  • Dette understrekar behovet for eit tydelegare barneperspektiv i velferdspolitikken.
  • Barn bør ha rett til anstendige og stabile buforhold.

Lenke til meir informasjon

Les artikkelen Barnefamilier i kommunale boliger