Housing First i Stord

Stord kommune er ansvarleg for eksempelet.
ansatt hjelper beboer
Ansvarlig aktør:
Stord kommune
Ansvarlig enhet:
Eining for rus og psykiatri
Kommunestørrelse:
Mellomstor
Fylke:
Hordaland
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Type tilbod: Buoppfølging
Målgruppe: Alle vanskeligstilte med buoppfølging
Stord kommune nyttar Housing First som metode på alle som får buoppfølging. Kommunen tilpassar metoden slik at den kan nyttast på alle innan ROP-feltet. Dette er ein av suksessfaktorane som har ført til at kommunen har null bustadlause.

Resultat

  • Fleire har fått tilbod om buoppfølging og tilbodet er meir heilskapleg. Vi kan gi raskere hjelp når vi har vaktmester og NAV-veileder i teamet. Skadereduksjon i fokus.
  • Godt samarbeid på tvers av einingar og aktuelle samarbeidspartar.
  • Fleire har fått kjøpa eigen bustad.
  • Recoverytanken er godt innarbeida, me gir brukar ansvar og valfridom.
  • Heile teamet jobbar saman – HF tankegangen er integrert.
  • Me favnar om fleire brukarar ved å jobba på denne måten.
  • Me har som mål å ha null bustadlause og set inn tiltak så snart som mogeleg når nokon er utan bustad.

Bakgrunn

Stord kommune hadde ei buoppfølgingstjeneste, men såg at det var behov for å tenke nytt. Buoppfølgjarane var «hjelpararar» som visste kva brukar trengte og ordna det som trengtes. Buoppfølgingsteamet brukte mykje tid på køyring av brukarar og gjorde mykje FOR dei istaden for SAMAN MED dei. Det vart ikkje nytta noko spesiell metode i arbeidet, og det vart ikkje stilt spørsmål til kvifor me gjer ting. 

Kommunen hadde fleire bustadlause, og hadde vanskar med å skaffa eigna bustad til desse.

Målsettinger

  • Bruke Housing First som metode på alle.
  • Bidra til at brukaren får ein eigna bustad, og til å behalda bustaden.
  • Gjere brukaren mest mogeleg sjølvhjulpen.
  • Gi brukar eit verdig liv og høve til å meistre livet sitt.
  • Gjere oss sjølv «arbeidslause».

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Kommunen oppretta prosjekt Housing First i 2013 etter at nokre tilsette hadde vore på studietur til USA. Det vart laga retningslinjer for tildeling av bustad og avtalar med brukarar. Det tok tid å introdusere metoden i teamet, og det var ein del motstand mot endringa.

Etter at prosjektperioden var over vart metoden  integrert i ordinær drift i 2016.

Kommunen nyttar no dei grunnleggjande prinsippa i Housing First metodikken opp mot alle ein har buoppfølging på. 

Kommunen er ikkje stor nok til å ha fleire ulike team. Me har difor ikkje eit særskild Housing First team, men eit busosialt team som nyttar HF-metodikken som eit bakteppe for arbeidet sitt. Me føl ikkje metoden slavisk, for då ville me berre kunne gitt hjelp til nokon få. På denne måten får me også gitt hjelp til brukarar som er for dårlege til å gjera nytte av eit reindyrka HF-tilbod.

Me har  Nav rettleiar og vaktmester som ein del av teamet. På denne måten får me ein heilhetlig oppfølging i heimen og me når brukar på ein betre måte. Dette har også ført til mindre press på Nav-kontoret.

Me må ta inn alle som søker. Sidan nokre er for sjuke til å passe inn i eit reint HF metodikk, må hjelpa tilpassast kvar einskild.

For informasjon om Housing First i Stord, sjå frå 01:00 - 01.45 ut i filmen og klippet frå 02.44 - 02:59.  

Teammøte kvar morgon

Teamet har refleksjonsmøte kvar morgon der ein går gjennom kva som skal gjerast i løpet av dagen. Her reflekterer dei tilsette over kvifor ein skal gjera noko for brukar. Teamet er sett saman av ulike personar som har ulik måte å jobba på. Refleksjonsmøtet bidrar til å få samla desse ulike tilnærmingsmåtane og å hjelpe kvarandre.

Kvar brukar har sin primærkontakt. Ein gong i veka har me ein tavlegjennomgang med fokus på einskildbrukarar. Det vert då drøfta kva som er  viktig i høve til brukaren. Raud tavle er for dei som er ekstra sjuke – her er ingen primærkontakt – alle har  ansvar.

Handlingsplan og forankring

Politikarane er interesserte og har fått grundig informasjon om prosjektet og metoden. I bustadsosial handlingsplan er det overordna mål  at alle skal ha ein trygg plass å bu, at alle med behov for tenester skal få hjelp til å meistre butilhøvet, og at den offentlege innsatsen skal vera heilskapleg og effektiv.  Det er vedteke i handlingsplanen at ein skal vidareføra buoppfølgingstenesta med bruk av «Housing First»-metodikken.

Retningslinjer for tildeling av bustad som inneheld reglar for korleis ein skal handsama Housing First-klientar er politisk vedtekne.

Samarbeid på tvers

  • Det er oppretta faste møtepunkt mellom buoppfølgingstenesta og eigedomsavdelinga som er huseigar. Sjå eige eksempel i Veiviseren om bustadsosialt forum i Stord.
  • Det er faste rutinar for samarbeid ved tildeling av kommunale bustader. Eining for psykisk helse og rus kjem med uttale når deira brukarar treng bustad.

Småhus

Kommunen har bygd 7 småhus som er eigna for ROP-gruppa. Andre kommunale bustader vert også nytta, og nokre av brukarane har fått kjøpt eigen bustad ved hjelp av startlån og tilskot.

Relevant lovverk

  • Helse- og sosialtenestelova

Sikre brukermedvirkning

  • Jobbar etter recovery-metoden og har stor grad av brukarstyring.
  • Kommunen er med i Recoverynettverket og heile eininga har kurs i recovery.
  • Brukaren er med og lagar eigen kontrakt og trygghetsplan og kriseplanar.
  • I trygghetsplanen spør me t.d «kva ønskjer du hjelp til når du er rusa».

Finansiering

  • Løn til Nav veiledar vert finansiert med 50/50 mellom Nav og eining psykisk helse og rus. Det same gjeld for vaktmeister som vert løna 50 % av Stord kommunale eigedom og 50 ‘% av eining for psykisk helse- og rus.
  • Nye kommunale bustader til målgruppa er delfinansiert med tilskot til utleigebustader frå Husbanken.
  • Dei som har fått kjøpa eigen bustad har fått finansiering med startlån og tilskot, og det vert søkt bustønad der dette er aktuelt.

Utfordringer underveis

  • Vanskar med å få nok tid til å jobbe fokusert. Det er ofte vikarar som treng tid for å få innarbeida tankesettet.
  • Det er mangel på bustader slik at brukar ikkje har god nok valgmulighet. Det er vanskeleg å få bustader privat pga liten kommune og kjente navn.  Kommunen vurderer behovet for fleire kommunale bustader fortløpande, men dette er avhengig av økonomi.
  • Kommunen manglar goodwill i den private marknaden. Det trengs tid til å kunne jobbe strukturert mot den private bustadmarknaden.  

sentrum i stord Foto: Stord sentrum

Vedlegg