Frå plan til handling og etablering av bustadkontor

Fjell kommune er ansvarlig for dette eksemplet.
Ansvarlig aktør:
Fjell kommune
Ansvarlig enhet:
Plan- og utbyggingssjefen
Kommunestørrelse:
Stor
Fylke:
Hordaland
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Eksempelet viser korleis Fjell kommune har gått frå ord til handling i sitt bustadsosiale arbeid etter at  kommunestyret vedtok Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 i februar 2014.

Planen viste at kommunen sto ovanfor store utfordringar på feltet. Det var behov for over 200 nye kommunale bustader i planperioden (kommunale utleigebustader, omsorgsbustader med heildøgnsbemanning og sjukeheimsplassar), betra samordning av bustadsosiale oppgåver og auka bruk av bustadsosiale verkemiddel.

Kommunestyret har satt av ca. 250 millionar for å investera i nye kommunale bustader i åra framover. Eit bustadkontor er etablert for å samla funksjonane anskaffing, tildeling og bustadfinanisering. I regi av bustadkontoret har kommunen skaffa 118 bustader i løpet av åra 2014 og 2015. Kommunen har arbeidd systematisk for å byggje opp kapasitet og kompetanse i organisasjonen. 

God statleg drahjelp og politisk og administrativt engasjement gjorde det også mogleg for kommunen å nå nye busettingsmål for flyktningar, og styrka dei kommunale tenestene for å møte utfordringane flyktningkrisa førte med seg.

Resultat

  • Anskaffing av 118 kommunale bustader frå 2014-2015.
  • 60%  reduksjon i talet på personar på søkjarliste til kommunal utleigebustad frå 2014 til 2016.
  • Oppretting av bustadkontor med fire årsverk.
  • Rusta opp oppfølgingstenester og bustader for personar med  rus og psykiatrilidingar.
  • Auka busetting av flyktningar.
  • Auka kunnskap og kompetanse om bustadsosiale utfordringar og behov.
  • Betr synergieffekt og heilskaplege løysingar gjennom tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Bakgrunn

Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 peikar på følgjande utfordringar:

Kommunen organiserte store delar av det bustadsosiale arbeidet i ei stifting på 90-tallet. Endringar i mellom anna stiftingslova, lov om offentlege anskaffingar og Husbanken sitt regelverk, gjorde at kommunen måtte ta på seg nye oppgåver innan anskaffing og tildeling av kommunale bustader.

Det var stort behov for fleire kommunale utleige- og omsorgsbustader i kommunen.

Det bustadsosiale arbeidet var fordelt på fleire aktørar, og god samordning av bustadbehov, anskaffing og tildeling av bustader var utfordrande.

Kommunen hadde potensiale for meir heilskapleg bruk av økonomiske verkemiddel, og systematisk arbeid for å auka sirkulasjonen i dei kommunale bustadene.

Dei mest sentrale tiltaka som skulle iversettast fram mot 2020 var etableringa av eit bustadkontor, anskaffing av 200 bustader, og auka satsing på økonomiske verkemiddel.

Målsettinger

Målsettingane for det bustadsosiale arbeidet i kommunen er:

  1. Fjell kommune skal liggja i forkant av utviklinga og medverke til nok bustader for vanskelegstilte i  kommunen.
  2. Fjell kommune skal ha ein heilskapleg og målretta bruk av bustadsosiale verkemiddel.
  3. Fjell kommune skal ha ei formålstenleg bustadsosial organisering, som set brukaren i fokus.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1: Statleg drahjelp

  • Kommunen vart tatt opp i Husbanken sitt bustadsosiale velferdsprogram.
  • Kommunen satsa på ulike statlege tilskotsordningar for å bygge opp kapasitet og kompetanse i organisasjonen.

Trinn 2: Forankring og prioritering

  • Politikarane og administrasjonen viser stort engasjement og vilje til å adressera utfordringane kommunen står ovanfor.
  • Tiltaka i Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 vart forankra i kommunen sitt handlingsprogram og budsjett.
  • Rådmannen fekk mandat og løyvingar til å investere i kommunale bustader.
  • Planprosess for handlingsplan for rusomsorg starta opp. Tverrfagleg samarbeid, tenester og bustader til personar med rusmiddelproblem og psykiske lidingar var blant tema.

Trinn 3: Organisering

  • Tverrfagleg programgruppe for bustadsosialt velferdsprogram vart etablert med eigen programleiar. Helsesjefen, sosialsjefen, eigedomssjefen, NAV Fjell, og plan- og utbyggingssjefen var med.
  • Programgruppa fekk ansvar for gjennomføring av kommunedelplan for bustadutvikling. 
  • Rådmannens leiarteam vart styringsgruppe for arbeidet.
  • Bustadkontor vart etablert med ansvar for anskaffing, tildeling og bustadfinansiering (startlån m.v.).
  • Tverrfagleg tildelingsteam vart etablert.
  • Rådmannen er tett på arbeidet.
  • Tverrfagleg deltaking i kommunen på studieturar, kurs og konferansar.

Relevant lovverk

  • Plan- og bygningslova
  • Stiftingslova
  • Lov om offentlege anskaffingar
  • Lov om folkehelsearbeid
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga
  • Forvaltningslova
  • Meirverdilova
  • Kompensasjonslova
  • Lov om burettslag
  • EØS artikkel 16

Sikre brukermedvirkning

  1. Integreringsutval
  2. Deltaprosjektet

Finansiering

Statlege verkemiddel vart brukt i kombinasjon for å bygge opp tenester, kompetanse og skaffe bustader:

  1. Husbanken sitt investeringstilskot for omsorgsbustader og sjukeheim, tilskot til kommunale utleigebustader, bustadsosiale kompetansetilskot, startlån, bustadtilskot, grunnlån.
  2. Skjønnsmidlar frå fylkesmannen: tilskot til stillingar og kompetanseheving innan flyktningarbeid og rusoppfølging.
  3. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet: tilskot til flyktningarbeid.
  4. UDI: tilskotsmidlar til akuttmottak.
  5. Helsedirektoratet: tilskot til etablering av FACT-team.

Kommunale midlar:

  • Kommunestyret har løyvd til saman  250 mill. til anskaffing av kommunale bustader, og fleire nye stillingar i kommunen har vore oppretta.

Suksessfaktorer

  • Kommunedelplan for bustadutvikling2013-2020 vart vedteken av kommunestyret i februar 2014.
  • Konkrete tiltak og prioriteringar i planen.
  • Tiltaka i planen er forankra i handlingsprogrammet og budsjettet  til kommunen.
  • Kommunestyret ga rådmannen stort handlingsrom og tillit.
  • Kommunestyret løyvde pengar til arbeidet med å kjøpe kommunale bustader.
  • Tema er forankra i arealdelen til kommuneplanen og handlingsplan for rusomsorg 2014-2020.
  • God forankring i administrasjonen og politisk gjennom planarbeidet.
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid gjev forankring og kunnskap i heile organisasjonen.
  • Øyremerka tilskot frå Husbanken har skapt drivkraft og sikrar framdrift i arbeidet.

Utfordringer underveis

  • Stram kommuneøkonomi har gjort det utfordrande å sikra driftsmidlar.
  • Mangel på kartleggingsverkty av heilskapleg behov.
  • Motstand i nabolag til integrering av særskilde grupper.
  • Mangel på eigna kommunale tomter.

Tips til andre

  • Tilsette prosjektleiar/programleiar.
  • Administrativ forankring i heile organisasjonen.
  • Sterk politisk forankring i utarbeiding av planar og prioriteringar.
  • Sikra rammeløyvingar til anskaffing av kommunale bustader (kopling mot budsjett).
  • Etablering av bustadkontor som verktøy for gjennomføring.

Publiserte artikler

Les mer om bustadsosialt arbeid i Fjell kommune.

Her finnes det også flere dokumenter, blant annet:

Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020

Arealdelen til kommuneplanen 2015-2026

Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020

Handlingsprogram, planstrategi, økonomiplan og årsbudsjett

Videreføring av arbeidet

Arbeidet held fram.