- Ansvarlig aktør:
- Stord kommune
- Ansvarlig enhet:
- Tildelingskontoret
- Kommunestørrelse:
- Mellomstor
- Fylke:
- Vestland
Beskrivelse av eksempelet
Kommunen har vedteke i Bustadsosial handlingsplan at det skal arrangerast eit bustadsosialt forum 1-2 gonger i året. Her kan alle aktørar som har ei rolle i det bustadsosiale arbeidet i kommunen samlast, utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Kommunen har arrangert bustadsosialt forum årleg sidan 2015 og har hatt ulike tema på dagsorden. Dette har ført til meir samordna arbeid på feltet og betre kjennskap til kvarandre og dei ulike bustadsosiale oppgåvene.Resultat
- Det er etablert eit fast forum der alle som har oppgåver innan bustadsosialt arbeid i kommunen kan møtast.
- Tilsette som jobbar med ulikt bustadsosialt arbeid i kommunen får kjennskap til kvarande sine oppgåver. Dei tilsette kjenner til kvarandre, og det er lettare å ta kontakt.
- Samarbeidet mellom einingane er blitt betre.
- Alle kan få informasjon om verkemiddel og tenestene og auka kunnskap om kva verkemidlar, ordningar og tenester som finst.
- Innbyggjarane får betre informasjon om ordningane som finst, noko som har gitt fleire søknader frå målgruppene for ordningane.
- Betre tilbod til innbyggjarane på grunn av meir heilskapleg innsats.
Bakgrunn
Då kommunen vart teken med i velferdsprogrammet laga Rambøll ein rapport over situasjonen på det bustadsosiale feltet i kommunen. Rapporten syner mellom anna at det var ein del uklarleik knytta til rolle- og ansvarsfordeling på kvart område. Rambøll gav blant anna råd om at det burde opprettast eit forum der alle aktørar som har ei rolle i det bustadsosiale arbeidet kan samlast.
Kommunen reviderte den bustadsosiale handlingsplanen i 2016 og her vart det vedteke at det skal arrangerast bustadsosialt forum 1 – 2 gonger i året.
Målsettinger
- Eit hovudmål i den bustadsosiale handlingsplanen er at «den offentlege innsatsen skal vere heilskapleg og effektiv».
- Eit delmål er at «det bustadsosiale arbeidet i kommunen skal organiserast slik at dei ulike aktørane samarbeider godt, og slik at dei ulike ordningane vert nytta til beste for brukarane».
- Å få ei felles forståing for det bustadsosiale arbeidet i kommunen.
- Å skapa ein møteplass for tilsette som arbeider med bustadsosialt arbeid i kommunen.
Beskrivelse av hvem som gjorde hva
Trinn 1
Rambøll utførte ein analyse av det bustadsosiale arbeidet i kommunen i samband med etablering av Velferdsprogrammet. Det kom råd frå Rambøll om å opprette eit bustadsosialt forum.
Trinn 2
Programleiar i velferdsprogrammet tok initiativ til å arrangere første bustadsosialt forum. Samlinga vart arrangert i mars 2015. Då var 20 deltakarar på tvers av einingane samla. Tema: Velferdsprogrammet og føranalysen.
Det var viktig at heile kommunen fekk eit eigarforhold til velferdsprogrammet generelt, og føranalysen spesielt. Bustadsosialt forum skulle gje opplevinga av at ein «drar lasset saman». Dagen bestod av både foredrag og workshop der alle fekk bidra. Rambøll gjennomførte ein analyseworkshop der alle fekk vere med å diskutere funna i føranalysen, og korleis ein best kan nytte seg av funna i føranalysen vidare.
Neste samling i bustadsosialt forum var i mars 2016. Også denne samlinga vart arrangert av programleiar for velferdsprogrammet. Her var 46 deltakarar frå aktuelle einingar og nivå i kommunen samla. Tema: Å få ei felles forståing for det bustadsosiale arbeidet i kommunen. For å få til ei felles forståing var det viktig at ulike einingar kunne lære om kvarande og drøfte felles problemstillingar innan det bustadsosiale feltet.
Samlinga
vart planlagt i samarbeid med Husbanken, og Husbanken var godt representert på
arrangementet. Det vart halde innlegg om ulikt bustadsosialt arbeid som går
føre seg i programarbeidet i kommunen, Housing First/Stordmodellen, økonomiske
verkemiddel, arbeidet i flyktningtenesta og det bustadsosiale arbeidet i
Kundetorget.
Etter lunsj hadde
Husbanken innlegg om strategien "Bolig for velferd". Deretter var det
gruppearbeid, gjennomført som kafé-dialog. Resultatet frå
gruppearbeidet vart teke direkte inn i arbeidet med den bustadsosiale
handlingsplanen. Deltakarane i forumet fekk ei
oppsummering av gruppearbeidet tilsendt på e-post i ettertid.
Trinn 3
Den bustadsosiale handlingsplanen vart revidert i 2016. Det vart vedteke at det skal arrangerast bustadsosialt forum 1-2 gonger i året som eit tiltak under målet «den offentlege innsatsen skal vera heilskapleg og effektiv» Eit anna tiltak under dette målet var at det skulle vurderast å opprette eige bustadkontor.
Trinn 4
Det vart oppretta eige bustadkontor som frå 2.oktober 2017 fekk ansvar for søknader om bustønad, kommunale bustader og startlån/tilskot. Kontoret skal overta programleiarfunksjonen og ansvaret for å arrangere bustadsosialt forum frå 2018.
Trinn 5
Neste samling i bustadsosialt forum vart arrangert i oktober 2017. Denne gongen vart det eit halvdagsseminar kombinert med eit internt kurs i bustøtte for nye saksbehandlarar. Tema: Presentasjon av det nyoppretta bustadkontoret og eit internt kurs i bustønad.
Deltakarane kom frå buoppfølgingstenestene, Nav, flyktningtenesta, ergoterapitenesta, heimetenestene, tildelingskontoret og den kommunale eigedomsavdelinga med fleire.
Bustadkontoret med tilsette og tenestene som ligg til dette kontoret vart presentert. Husbanken gjekk deretter gjennom bustønadsordninga og tilskotsordningane. Økonomisk rådgjevar ved Nav informerte om arbeidet med gjeldsrådgjeving i kommunen. Det nyoppretta prosjektet «Godt å bu heime» vart også presentert. Dette skal gi informasjon til innbyggjarane om kor viktig det er å tilretteleggje bustaden for alderdom og sjukdom. Det var heile dagen rom for å stilla spørsmål og bli betre kjent med kvarandre.
Trinn 6
Bustadkontoret overtek ansvaret for å arrangere bustadsosialt forum og planlegg neste forum.
Sikre brukermedvirkning
Programgruppa og andre tilsette kan kome med forslag til tema og bidrar sjølv med innlegg på bustadsosialt forum.Finansiering
Dei første gongene bustadsosialt forum vart arrangert vart det nytta midlar frå velferdsprogrammet til å dekke leige av lokale med meir.
Arrangementa vert no dekka innanfor ordinært budsjett, og kommunen nyttar eigne lokale til samlinga. Sidan innlegga vert haldne av eigne tilsette og Husbanken, er det små utgifter knytta til dette.
Suksessfaktorer
- Ein nyttar eigne ressursar til å halde innlegg. Dette gjer at ein vert kjend med kvarandre, får kjennskap til kvarande sine oppgåver, og veit kor ein skal vende seg med spørsmål.
- Låg terskel for å stille spørsmål i eit lite forum.
- Godt samarbeid mellom einingane for å få til arrangementet.
- Lave kostnader med arrangementet.
Utfordringer underveis
- Det kan vere vanskeleg å setje av nok tid til å planlegge bustadsosialt forum i ein travel kvardag.
- Det kan vere utfordrande å finne nye tema som kan vere aktuelle for dei fleste, samstundes som det må takast omsyn til at noko må gjentakast, sidan det kjem til nye medarbeidarar som treng informasjonen.
Tips til andre
- Ha samlinga som eit fast punkt i årshjulet. Arranger samling til fast tid kvart år og plasser ansvaret for å lage til arrangementet permanent.