Ål helsetun

Ål kommune er ansvarleg for dette eksempelet.

frå fellesareal omsorgsbustader
Ansvarlig aktør:
Ål kommune
Kommunestørrelse:
Liten
Fylke:
Buskerud
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Den gamle Hallingdal sjukestugu vart utbygd og ombygd til intermediær avdeling med 10 plassar for kommunane i Hallingdal, 10 plassar spesialisthelseteneste VVHF (helseføretak) og legekontor og interkommunal legevakt for Hallingdal. I tilknyting til den gamle sjukeheimsdelen vart det bygd 16 nye omsorgsbustader som bufellesskap for demente, ombygd fem sjukeheimsplassar og bygd 16 nye korttidsplassar. 
Målgruppe: korttid, langtid, rehabilitering, behandling, intermediær
Størrelse: 16 omsorgsbustader for demente, 16 korttidsplassar og 20 plassar intermediær avdeling. Totalt 8000 kvm.
Ferdigstillelse: 2017
Byggherre: Ål kommune
Arkitekt: Kvadrat AS og DBC AS
Totalenterprise: Veidekke Entreprenør AS
Landskapsarkitekt: Veidekke Entreprenør AS
Eieform: Kommunalt eige

Resultat

  • Helsetunet i Ål tilbyr både kommunale helsetenester og desentraliserte spesialisthelsetenester til befolkninga i Hallingdal. Vestre Viken leiger arealet til intermediæravdelinga frå kommunen og driftar der 10 plassar som spesialisthelseteneste og 10 interkommunale plassar i ei og same avdeling. Avdelinga har funksjon som eit nærsjukehus for heile Hallingdal. Samarbeidet mellom kommunen og helseføretaket fungerer svært bra.
  • Dei har klart å balansere ombygging og nybygg på ein svært god måte.
  • Kulturen frå Hallingdal er teke inn i interiør og møblering, og gjev eit veldig triveleg og godt inntrykk.

Bakgrunn

  • behov for utbygging og utbetring korttidsplassar. 
  • behov for fleire omsorgsbustader tilpassa demente.
  • behov for utbygging intermediær avdeling.
  • utdatert bygningsmasse, både kommunalt og i helseføretaket.

Målsettinger

  • utbygging i samarbeid med Vestre Viken Helseforetak
  • brukarmedverknad og medverknad frå personalet
  • skape likeverdige helsetenester
  • halde alle helsetenester under same tak, midt i bygda
  • sjå på tvers av tomtegrenser og bygningsmasse i planlegginga

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Om prosjektet

Prosjektet omfattar lokale for legevakt og legesenter, dialyse, blodbank, laboratorium, isolat og ambulansemottak. Vidare inneheld utbyggingsprosjektet intermediær avdeling med 20 plassar, 21 korttidsplassar og 16 omsorgsbustader.

Vestre Viken har ved Hallingdal sjukestugu ei rekke tenester.  Dei har ein somatisk sengepost (intermediæravdeling), poliklinikk, dialyseavdeling, hjerteskole og lærings- og mestringssenter. I tillegg er det tilbod om bildediagnostikk, laboratorietenester og psykiatri. Klinikk for prehospitale tenester er stasjonert med bilambulanse, og Statens luftambulansetjeneste har base i tilknytning til helsetunet. I tilknytning til Ål helsetun ligg omsorgsbustader og sjukeheimsplassar knytta saman på ein god måte. Mellom den nye og gamle bygningsmassen er det etablert ein sansehage. 

Arealet for heile prosjektet er ca. 8000 kvadratmeter. I dette inngår nybygget på 5250 kvadratmeter, ei ombygging av 2350 kvadratmeter og 400 kvadratmeter til atrium og balkongar. Bygget er fleksibelt med gode moglegheiter for framtidige tilpasningar, og beresystemet er forberedt for ein ekstra etasje. Prosjektet er av stål og prefab. Ein spesiell løysing er at det nye bygget er pela ned gjennom det gamle bygget, og det har eit prefabrikkert dekke med stålbæresystem.

Ål helsetun ligg vakkert til i dalsida, midt i sentrum og med utsikt over Hallingdalselva og fjella.

Prosess

Det har vore eit unikt samarbeid mellom kommunen og Vestre Viken HF i utvikling av konseptet. Det vart utarbeidd ei intensjonsavtale med helseforetaket om å sjå tomtegrenser og bygningsmasse på tvers.

Prosjektet er gjennomført med prosjektorganisering med arbeidsgrupper med deltakarar frå både helseforetak og kommune, innan ulike fagfelt, dessutan brukarrepresentantar. Representantar frå helsepersonell har delteke i styringsgruppa.

Kontrakten vart vunne av Veidekke Entreprenør AS i ein plan- og designkonkurranse, og videreutvikla i ein samspelsfase som enda ut i ei totalentreprise.

Ein spesiell del av prosjektet var at bærekonstruksjonane til gamle Hallingdal Sjukestugu vart bygd inn som ein del av det nye bygget.

Ål kommune har vore raske til å ta beslutningar undervegs i prosessen. Det har vore eit sterkt fokus på å skape eit funksjonelt og fleksibelt bygg. Dette er oppnådd gjennom omfattande brukarmedverknad.

Representantar frå personellgruppene deltok i prosessane heilt til bygget stod ferdig

Lun atmosfære
Sentralt i utforminga har vore å vise fram lokale kulturtradisjonar og å skape eit heimleg miljø. Foremålet har vore å unngå eit institusjonspreg. For å få til den lune og varme atmosfæren har kommunen blant anna teke utgangspunkt i fargar ein finn i gamal rosemaling frå Hallingdal. Jordnære og duse fargar pregar innemiljøet, og det er brukt treverk i stuene.

Atrium
tredje etasje er det eit atrium, som er eit flott enkeltelement i bygget. Atriumet gjev eit pusterom med dagslys med god takhøgde i eit ellers kompakt bygg. Frå balkongane kan pasientar og brukarar også sjå idrettsplassen og fylgje med når barn og ungdom er i aktivitet.

Meir informasjon om prosjektet ligg i artikkelen frå bygg.no om Ål Helsetun/Hallingdal Sjukestugu.

atriet intermediær avdeling

Atriet frå intermediær avdeling. Foto: Husbanken

Relevant lovverk

Gjennom prosjektet vart det nasjonale regelverket i forhold til intermediære plassar, dessutan finansiell leasing for helseforetak, endra.

Sikre brukermedvirkning

 Representantar for brukargrupper deltok i arbeidsgrupper (Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Eldrerådet).

Finansiering

  • Husbanken har gjeve investeringstilskot til prosjektet.
  • Leigeavtale over 25 år med Vestre Viken Helseforetak.
  • Kommunal investering.
  • Betaling frå andre kommunar i Hallingdal etter bruk (intermediær avdeling).

Utfordringer underveis

  • Regelverk om intermediære plassar vart endra undervegs i prosessen.
  • Tidlegare regelverk med omsyn til finansiell leasing vart endra.
  • Ulikt fagspråk – helsepersonell vs entreprenør og underleverandørar.
  • Vi har ikkje tilgang eller kompetanse til same dokumentasjonsverktøy som entreprenør.
  • «Vegen» frå helsepersonell til underleverandør kan bli «lang» ved totalentreprise.
  • Totalentreprise medfører at ein har mindre kontroll når det gjeld kvalitetskrav.

Tips til andre

  • Brei deltaking og brukarmedverknad i prosjektet.
  • Bruke tid nok i planleggingsfasen.
  • Berre bruke ein koordinator mellom entreprenør og brukarane i byggeperioden.

Vedlegg

Vedlegg

Bildeserie Ål Helsetun